Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Statsadvokat Geir Evanger og politiadvokat Anne Allum er ikkje inhabile som aktorar i den såkalla Lime-saka, har Oslo tingrett komme fram til. Dermed kan saka starte onsdag.
innenriks.vaktsjef@ntb.no
Publisert: 19.01.2016 kl 19:28
Saka skulle starta tysdag, men vart utsett medan retten vurderte habiliteten til aktoratet, etter at fleire av forsvararane bad om det.
Blant anna meinte advokat Mette Yvonne Larsen at Evanger måtte trekke seg fordi han hadde lytta til materiale som ikkje skal fram under saka og ville vere påverka av dette.
I alt 13 personar er tiltalt for organisert kriminalitet og menneskehandel. Dei må svare for blant anna vald, truslar, misbruk av sårbar situasjon eller anna utilbørleg åtferd for å ha utnytta ein person til tvangsarbeid. Tiltalen omfattar totalt 34 brot på straffelova, arbeidsmiljølova, utlendingslova og likningslova. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.