Klargjør siden...

Linda Aase fråtrer som konsernsjef i Salmar

Konsernsjef Linda Aase fråtrer som konsernsjef i oppdrettsselskapet Salmar etter eit knapt halvår i sjefsstolen.

Salmar er ein av dei største lakseprodusentane i verda og styret kunngjer leiarskiftet i bedrifta i ei børsmelding måndag.

Linda Aase har sjølv ønskt å fråtre som konsernsjef, opplyser selskapet. Ho overtok sjefsstolen i oppdrettsselskapet i mai i år.

52 år gamle Frode Arntsen overtek som ny konsernsjef. Han har vore ein del av Salmar sidan 2017 og har jobba i sjømatnæringa sidan 2000.

Salmar oppgir inga forklaring på Aases avgjerd om å fråtre.

(©NPK)

Linda Litlekalsøy Aase går av etter få månader som konsernsjef i Salmar. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Annonse