Annonse

Lisa Holms drapsmann drepe i Litauen

Mannen som vart dømd til livsvarig fengsel for drapet på den svenske 17-åringen Lisa Holm i 2015, Nerijus Bilevicius, er drepen av ein medfange i Litauen.

Ifølgje den litauiske avisa Diena vart Bilevicius angripen med kniv av ein medfange i fengselet i Marijampolė onsdag. Han døydde av skadane på veg til sjukehus.

Bilevicius vart funne skuldig i å ha drepe Holm og dømt til livsvarig fengsel i Sverige i 2016. Han bad seinare om å få sone straffa i heimlandet Litauen og vart overført i 2018.

Lisa Holm forsvann på kvelden 7. juni 2015, etter at ho hadde stengt kafeen i Kinnekulle utanfor Lidköping der ho jobba.

Forsvinninga fekk stor merksemd i Sverige, og fem dagar seinare vart ho funnen delvis avkledd og drepen i eit klesskap i ei brakke berre nokre kilometer frå kafeen.

Bilevicius nekta for å ha noko med drapet å gjere, men vart dømt etter DNA-funn på kleda til jenta.

(©NPK)

Drapet på 17 år gamle Lisa Holm fekk stor merksemd i Sverige i 2015. Onsdag vart drapsmannen sjølv drepen av ein medfange i eit fengsel i Litauen. Foto: Thomas Johansson / NTB