Klargjør siden...
Annonse

Listhaug får kritikk av tilsette i eige direktorat

(NPK-NTB): Tilsette i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) har sendt inn eit høyringssvar til Justisdepartementet som kritiserer tiltaka foreslått av innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug.

Norsk Tjenestemannslag i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) er sterkt kritiske til innstrammingsforslaga av utlendingslovgjevinga, heiter det i eit høyringssvar som er sendt inn til Justisdepartementet av LO-forbundet Norsk Tjenestemannslag (NTL), melder Aftenposten.

– Vår vurdering er at forslaga ikkje bidrar til den integreringa ein ønskjer seg, seier leiar for NTL IMDi, Marit Lund Larsen, til avisa, om dei 40 forslaga om innstrammingar i asyl- og innvandringspolitikken som regjeringa la fram i romjula.

IMDi har ansvaret for at vedtekne integreringstiltak blir gjennomførte. NTL er den største fagforeininga i direktoratet, med over 100 medlemmer blant dei rundt 250 tilsette. (©NPK)

Annonse