Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) meiner det ikkje er grunn til å tru at vi vil oppleve masseangrep mot kvinner, slik ein såg i Köln nyttårsaftan.
npk@npk.no
Publisert: 11.01.2016 kl 14:24
– Eg er til liks med mange andre sjokkert over det som skjedde. Vi må sørgje for å gjere alt vi kan for at det same ikkje skal skje i Noreg. Vi har ganske gode rutinar på asylmottaka med å informere dei som kjem om ein del verdiar som er i Noreg, kva som er greitt her. Førebels har det ikkje vore noko slikt i Noreg, og det er ikkje nokon grunn til å tru det vil skje her, seier ho til NTB.
Politiet i den tyske byen har fått over 500 meldingar om overfall og trakassering av kvinner under nyttårsfeiringa. Angrepa skal i hovudsak ha blitt gjort av asylsøkjarar.
Listhaug seier ho har forståing for at folk blir redde av slike hendingar.
– Eg forstår at det set ein støkk i folk. Men det er alltid viktig å hugse på at dei aller fleste er lovlydige borgarar, dei har ikkje gjort noko gale, seier ho. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.