Listhaug: Skal stramme inn i flyktningpolitikken

(NPK-NTB): Innstrammingar i flyktningpolitikken var ordet som gjekk igjen då Sylvi Listhaug (Frp) overtok nøkkelen til innvandrings- og integreringspolitikken frå Anders Anundsen (Frp) og Solveig Horne (Frp).

– Eg er glad eg no har eit breitt politisk fleirtal bak meg for å stramme inn. Eg gler meg til å gjennomføre denne politikken. Eg skal gjere mitt yttarste for å halde tilstrøyminga nede og sørgje for at dei som skal ut blir sende raskast mogleg ut, sa Listhaug.

Den nye innvandrings- og integreringsministeren varsla også innstrammingar når det gjeld å stille krav til dei som skal integrerast.

– Det er viktig at nye borgarar bidreg og ikkje berre blir passive mottakarar av ytingar. Det er heilt avgjerande for å halde oppe det velferdssamfunnet generasjonar har bygt opp, sa Listhaug. (©NPK)

Annonse