Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Vasskraft blir skattlagt mykje hardare enn olje og gass, ifølgje Energi Norge. I ei ny undersøking får ei slik skattlegging av vasskrafta lita støtte blant dei spurde.
npk@npk.no
Publisert: 01.06.2016 kl 13:47
I det årlege Klimabarometeret, som TNS Gallup står bak, seier berre 6 prosent av dei spurde at dei er einige i at produksjon av vasskraft bør skattleggjast betydeleg hardare enn utvinning av olje og gass.
Heile 70 prosent seier dei er ueinige i dette.
– Dette viser at det store fleirtalet av folket ser paradokset i at vasskraft skattleggjast hardare enn olje og gass. Vi treng meir levelege skatteforhold for vasskrafta, seier administrerande direktør Oluf Ulseth i Energi Norge.
Han meiner den høge skatten hemmar investeringar.
– Vi har eksempel på selskap som må betale over 100 prosent av resultatet sitt i skatt. Då blir det ikkje mykje igjen til investeringar, seier Ulseth.
Vasskraftverk betaler ein grunnrenteskatt til staten i tillegg til alminneleg skatt på overskotet. For å unngå at dette rammar investeringar, er normalavkastinga skjerma frå skattlegging. Energi Norge meiner likevel at auka samla skattetrykk kombinert med låge straumprisar i dag gjer det vanskeleg for mange kraftselskap å gjere dei investeringane som trengst.
Grunngjevinga for skatten er at fortenesta frå vasskrafta skal kome heile samfunnet til gode. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.