Annonse

Litauiske medium: Ein utvekslingsavtale skal vere på plass for Frode Berg

Litauiske medium melder at ein utvekslingsavtale er på plass for Frode Berg, ifølgje P4, Aftenposten og NRK.

Russland og Litauen er samde om å utveksle ein spiondømt russar mot to litauarar og ein nordmann, opplyser kjelder i den litauiske tryggingstenesta til den litauiske nyheitstenesta Baltic News Service, ifølgje Aftenposten.

- Utvekslingsavtalen inkluderer òg ein norsk statsborgar som er dømd i Russland, seier ein anonym tenestemann i den litauiske tryggingstenesta.

Avisa namngir ikkje Frode Berg, men Berg er den einaste nordmannen som sonar ein slik dom i Russland.

Den norske advokaten hans, Brynjulf Risnes, seier til NRK at mykje tyder på at det som blir meldt er riktig, medan den russiske forsvararen til Berg, advokat Ilja Novikov, ikkje vil kommentere saka overfor kanalen.

Heller ikkje UD vil kommentere opplysningane.

- Norske styresmakter ønsker få Frode Berg heim. Vi handterer saka på den måten som vi meiner er best for å ta vare på interessene hans. Utover det kommenterer vi ikkje saka, seier underdirektør Ane Haavardsdatter Lunde i Utanriksdepartementet til NTB.

Berg er dømd til 14 år i fengsel for spionasje. Han vart arrestert i Moskva i desember 2017 og har sete fengsla sidan.

NRK melde i august at UD er i forhandlingar med Russland om å få Berg heim og har informert den næraste familien hans om dette.

Moglegheita for ein utvekslingsavtale har vore antyda, men eit problem har vore kven han i så fall skal omfatte.

Ein utvekslingsavtale for spiondømte Frode Berg er på plass, ifølgje litauiske medium. Foto: Berit Roald / NTB scanpix