Klargjør siden...
Annonse

Litt høgare inflasjon i Kina

Inflasjonen i Kina steig til 2,7 prosent i juli, ifølgje offisielle tal. Nivået er likevel langt lågare enn i mange andre land.

Dei nye tala frå statistikkbyrået i landet viser at konsumprisindeksen ligg 2,7 prosent høgare enn i same månad i fjor.

Det tilsvarande talet i juni var 2,5 prosent. Ein kraftig auke i prisen på svinekjøtt og grønsaker har bidrege til å løfte inflasjonen.

Likevel ligg inflasjonen langt lågare enn i Vesten og ei rekkje andre delar av verda. Prisveksten i Kina har i mindre grad vorte påverka av Russlands krig i Ukraina.

I tillegg har kinesiske forbrukarar vorte ramma av nye korona-nedstengingar, samtidig som fabrikkane er haldne opne. Dette har også bidrege til å halde prisane nede, ifølgje økonom Julian Evans-Pritchard i selskapet Capital Economics.

(©NPK)

Ein arbeidar ved ei sokkestrikkemaskin på ein fabrikk i Anhui-provinsen i Kina i mars i år. Medan kinesiske forbrukarar har vorte ramma av nye korona-nedstengingar, er fabrikkane haldne opne. Foto: Chinatopix / AP / NTB

Annonse