Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-TT): Sveriges økonomi veks litt saktare enn før, men går framleis bra. Det tyder på at det beste ligg bak oss, meiner svensk økonom.
npk@npk.no
Publisert: 30.05.2016 kl 10:51
– Det beste har vore, seier Nordeas sjeføkonom Annika Winsth.
– Det er gode tal, sjølv om dei er meir dempa, legg ho til.
Analytikarar hadde i snitt rekna med ein vekst på 0,7 prosent på kvartalsbasis og på 4,3 prosent på årsbasis, ifølgje ei samanstilling frå Reuters. Veksten viste seg likevel å bli på høvesvis 0,5 prosent og 4,2 prosent, opplyste Statistiska centralbyrån (SCB) måndag.
Fjoråret hadde ei sterk avslutning for svensk økonomi. Økonomien i fjerde kvartal voks med 1,6 prosent samanlikna med tredje kvartal, og med 4,9 prosent samanlikna med same kvartal eitt år tidlegare.
Ifølgje Winsth er det Riksbankens ekstreme lågrentepolitikk som har drive fram veksten, men no er det slutt på rentekutta. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.