Klargjør siden...
Annonse

Liv Køltzow vann heidersprisen under Bragepris-utdelinga

Heidersprisen gjekk til Liv Køltzow under utdelinga på torsdag av Brageprisen 2021.

– Heidersprisvinnaren, som også må kunne karakteriserast som viljesterk og eigenrådig, har i bok etter bok utvist stort språkleg medvit og psykologisk innsikt. Forfattarskapen representerer særeigne bidrag til norsk litteratur og har ein openberr plass i norsk litteraturhistorie, sa juryen før det vart kunngjort at nettopp Liv Køltzow fekk Brages heiderspris 2021.

76-åringen tilhøyrde krinsen rundt litteraturtidsskriftet Profil på 1960-talet. Ho debuterte i 1970 med novellesamlinga «Øyet i treet». I 1972 kom hennar første roman, «Hvem bestemmer over Bjørg og Unni?».

I 1992 nådde ho breitt ut med biografien «Den unge Amalie Skram», og i 1997 fekk ho Brageprisen for romanen «Verden forsvinner». Ho har i alle år vore ein flittig dagbokskrivar. Eit utval av dagboknotata vart gitt ut i år, av meldarar omtalt som «en perle for alle som interesserer seg for forholdet mellom kunst og liv».

– Årets heidersprisvinnar har sagt at det å lese ein roman er ein forholdsvis enkel handling, medan å forklare kva ein har lese faktisk er vanskeleg. Vanskeleg er det òg å attgi kort forfattarskapen til heidersprisvinnaren, og det fordi det finst så mange inngangar til det. Sjølv har forfattaren uttalt at det er to tema som går igjen, og det er tida og medvitet.

Brages heiderspris blir tildelt ein person eller institusjon som i kraft av gjerninga si som forfattar, omset eller i ei anna rolle har bidrege til å auke utbreiinga av eller forståinga for litteratur, eller til å høgne kvaliteten på norsk skriftkultur.

(©NPK)

Liv Køltzow vart tildelt heidersprisen under utdelinga av Brageprisen 2021 på Dansens hus i Oslo. Foto: Annika Byrde / NTB