Annonse

Liverpool gjer heilomvending – permitterer ikkje tilsette lengre

Laurdag kom beskjeden om at Liverpool permitterte tilsette på grunn av koronaviruskrisa, noko som skapte reaksjonar frå klubblegender. No snur klubben.

Måndag vart det stadfesta at Liverpool hadde gjort om og bestemt seg for å ikkje permittere tilsette på grunn av koronaviruset. I tillegg har dei beklaga til fansen.

– Vi er samde om at vi gjorde eit feil val førre veke, og vi beklagar for det, seier klubbdirektør Peter Moore i eit brev til fansen til klubben.

For det skapte kontroversar då Liverpool kom med nyheita om at dei permitterte tilsette.

Liverpool skreiv på nettsidene sine laurdag at styresmaktene skulle betale 80 prosent av lønna deira medan dei var permitterte, og at klubben ville bidra med resten slik at dei ikkje skulle li noko økonomisk tap.

Ifølgje avisa Liverpool Echo var det eigarane Fenway Sports Group som gjekk inn og tok avgjerda om å permittere – og sende rekninga til skattebetalarane.

Det skapte reaksjonar frå tidlegare toppspelarar, som mellom anna Jamie Carragher og Stany Collymore.

– All respekt og velvilje går tapt, skreiv Carragher på Twitter. Han meinte det var «elendig» av Liverpool.

– Eg kjenner ikkje til nokon Liverpool-tilhengarar som vil ha noko anna enn avsky over å permittere tilsette. Det er berre gale, skreiv Collymore.

No har Liverpool altså snudd.

(©NPK)

Foto: Jon Super / AP Photo / NTB scanpix.