Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Alleen utanfor hovudtribunen på Anfield skal hete 96 Avenue, melder Liverpool Echo.
npk@npk.no
Publisert: 17.08.2016 kl 15:34
Namnet heidra offera etter Hillsborough-tragedia i 1989, der 96 Liverpool-supporterar omkom.
– Vi er glade for at dette flotte området framfor Main Stand blir namngitt til minne om dei 96, seier Margaret Aspinall i Hillsborough Family Support Group.
– Då våre ambisiøse planar for oppgraderinga av Anfield blei lansert, gav eg beskjed om at det burde bli laga eit nytt og passande minnesmerke for Hillsborough-offera, overlevande og pårørande, seier borgarmeister Joe Anderson.
– Anfield er den spirituelle heimen til dei 96. Å namngi alleen i deira minne, er ein ideell måte for den globale fotballfamilien til å minnes dei og også familiane som kjempa så lenge for rettferd, held borgarmeisteren fram.
Liverpool er i ferd med å fullføre utvidinga av Main Stand-tribunen. Området rundt er også blitt kraftig oppgradert.
Området der Main Stand møter The Kop-tribunen, har fått namnet Paisley Square etter den legendariske Liverpool-manageren Bob Paisley.
Liverpool spelar sin første heimekamp mot Leicester 10. september. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.