Klargjør siden...

Liverpool og City ut mot uønskte tribuneepisodar: – Heilt uakseptabelt

Liverpool og Manchester City dannar felles font etter fleire episodar dei kallar uakseptable under ligacupkampen torsdag laga imellom.

Fredag publiserte storklubbane ein felles uttale. Der blir det presisert at brorparten av supporterane på kampen oppførte seg eksemplarisk, men ikkje alle.

«Det er enormt skuffande at det var ei rekkje hendingar under kampen i går som er heilt uakseptable», skriv klubbane.

«Desse hendingane vil bli grundig etterforska, melde til politiet og personane som blir funne å vere ansvarlege vil bli underlagt sanksjonsprosessar i den respektive klubben deira», heiter det vidare.

Ei 15 år gammal jente måtte behandlast for eit kutt i hovudet som følgje av at ho vart treft av ei flaske. Faren til jenta har uttalt til Daily Telegraph at den nemnde flaska vart kasta frå Liverpool-seksjonen og at han var lasta med myntar for å gjere den tyngre.

Ein talsperson for politiet i Greater Manchester har stadfesta at jenta måtte behandlast for skadar i hovudet og at dei skal etterforske det.

Manchester City og Liverpool opplyser at dei samarbeider om å utrydde slike hendingar frå kampane sine.

«Dei har ingen plass i fotballen», skriv klubbane.

Under ligaoppgjeret I oktober vart City-supporterane skulda for å ha sunge songar om Hillsborough-tragedien, medan det skal ha vorte kasta myntar mot Citys lagbuss etter kampen.

(©NPK)

Manchester Citys Erling Haaland skåra mot Liverpool torsdag. Foto: Jon Super / AP / NTB

Annonse