Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Fabio Carvalho (19) blir som venta Liverpool-spelar frå sommaren av. Han hadde ei sentral rolle i Fulhams opprykkssesong.
lars.eide@ntb.no/hege.grov@npk.no
Publisert: 23.05.2022 kl 11:26
Portugisaren var allereie i vinter nær ved å bli henta til Liverpool, men ein avtale med Fulham kom ikkje på plass før fristen gjekk ut. 1. juli sluttar han seg til Anfield-klubben på ein fri overgang.
Carvalho skåra ti mål og hadde åtte målgivande pasningar på 36 kampar for Fulham sist sesong. London-klubben vann meisterskapsserien suverent og rykte rett opp igjen til Premier League.
Den offensive midtbanespelaren skåra for Fulham i sin første kamp frå start på øvste nivå i mai i fjor.
(©NPK)
Jürgen Klopp får 19-åringen Fabio Carvalho i Liverpool-stallen frå neste sesong. Foto: Jon Super / AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.