Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Ein person er send til sjukehus med eit Sea King redningshelikopter etter ei utforkøyring på E6 ved Rognan i Nordland tysdag morgon.
vaktsjef@ntb.no/hakon.remoy@npk.no
Publisert: 30.06.2020 kl 09:00
Sist oppdatert: 30.06.2020 kl 09:11
– Det vart gitt livreddande førstehjelp på staden, og personen er no send til sjukehus i Bodø, seier operasjonsleiar Kjetil Kaalaas i Nordland politidistrikt til NTB.
Politiet kjenner ikkje årsaka til ulykka, men stadfestar at det dreier seg om ei singelulykke med éin person involvert – føraren av bilen som køyrde av vegen.
– Trafikken på E6 vart stansa for at eit Sea King skulle kome til, men vegen blir opna igjen så fort det er rydda på staden, seier Kaalaas.
(©NPK)