Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Livvaktene kan få suppe hos mor til Siv Jensen, eller følgje Jens Stoltenberg til Skeidar. Heile tida må dei kunne ta fram skarpladde våpen på ein blunk.
per.christensen@ntb.no/margunn.sundfjord@npk.no
Publisert: 17.10.2020 kl 08:30
I ei ny bok opnar livvaktene til PST opp om jobben dei gjer for å verne norske politikarar – og politikarane fortel om korleis dei opplever det frå andre sida.
Døgnet rundt blir statsministeren og andre politikarar fotfølgde av væpna PST-tilsette.
– Vi veit at det er krefter i Noreg som har eit hat mot politikarane våre, som ønskjer å utføre vald, seier Sven Arne til NTB.
Han er ei av livvaktene som blir følgt tett i boka «Livvakt – på innsiden av PST», skriven av NRK-journalist Simon Frammarsvik Solheim.
– Det er noko med PST som er litt mystisk for folk. Eg trur folk synest det er spennande. Det er nok ei litt underhaldande bok òg, fordi du får ein del personlege historier om kjende folk som alle veit kven er, sånn som Erna Solberg og Siv Jensen, fortel forfattaren.
Mange har sett livvaktene i bakgrunnen når ministrar er på pressekonferansar og reiser. Men dei må òg vere på vakt i heilt kvardagslege situasjonar.
Ein dag før jul følgjer dei Natos generalsekretær Jens Stoltenberg til Skeidar for å hente ein madrass. Samtidig høyrer dei om aktivitet i Bergen over sambandet, der statsminister Erna Solberg er på julehandel på Lagunen storsenter.
«På vei mot bil … med mange tunge bæreposer», seier livvaktene om statsministeren.
Dei er verkeleg tett på, noko Ap-leiar Hadia Tajik fortel om i boka:
– Det var heilt forferdeleg, seier ho, om då ho plutseleg fekk livvakter rundt seg då ho vart kulturminister i 2012 som 29-åring. Noko ho verkeleg ikkje var førebudd på.
«Ho opplevde det som en form som hjemmesoning. Hvis hun hadde glemt å kjøpe melk, måtte hun ringe og tilkalle livvaktene, gjerne en time i forveien, selv om butikken lå i samme bygg som hun bodde i.», skriv Solheim i boka.
Men boka fortel òg om varme augneblinkar, gode samtalar og band som utviklar seg over år mellom livvaktene og dei dei passar på.
– Vi har politikarar vi har følgt i 15 år. Vi prøver å halde ein profesjonell avstand, men det er klart at dei vi har følgt lenge, blir vande med oss. Og folk er ulike. Nokre er gjerne meir søkjande enn andre når det gjeld kontakt, seier livvakta Roald til NTB.
Statsminister Erna Solberg (H) fortel at ho alltid prøver å ordne plass og mat til livvaktene i jula eller under andre familieselskap. Frp-leiar Siv Jensen fortel at ho har servert dei fiskesuppe i termos når dei har venta utanfor huset til mora.
– Verken eg eller familien min klarer å la dei sitje i timevis i bilen utanfor og vente på at vi skal ete opp julemiddagen vår og pakke opp gåvene, seier ho i boka.
Då Ap-leiar Jonas Gahr Støre fekk permanent vern, fekk han plutseleg nokre nye treningskameratar. I byrjinga mista livvaktene han ofte av syne fordi han gjekk for fort for dei på ski. Dermed måtte dei raskaste skiløparane setjast på vakt.
– For meg har det vore ein opptur reint treningsmessig, sjølv om dei ikkje alltid har klart å halde følgje, seier Støre.
Som utanriksminister opplevde Støre det dødelege angrepet på Serena Hotell i Kabul i 2008, ein episode som er fyldig skildra frå perspektivet til livvaktene i boka.
Sven Arne fortel at dei heile tida må tenkje at det verste kan skje. Men at dei ikkje må la det bli utmattande.
– Vi må tenkje verste fall scenario heile tida. Og det har vi med oss i ryggrada. Derfor trenar vi veldig mykje. Men det må ikkje bli ei belastning, sånn at du går rundt som ei spent stålfjør, seier han.
Jobben til livvaktene er viktig for at politikarane skal kunne vere tett på folk. Men slike situasjonar byr òg på problem.
– Selfies er veldig utfordrande for oss. Før gjekk folk bort til «objektet» og helste på, kanskje fekk dei ein autograf. No tek folk rundt dei, og du veit ikkje kven dei er, seier Roald.
Han fortel at dei heile tida må vurdere om nokon kan utgjere ein trussel.
– Karl Johans gate på formiddagen på ein laurdag med eit objekt er heilt openbert ikkje ein plass å vere sløv, seier han.
(©NPK)
Frp-leiar Siv Jensen blir fotfølgd av livvakter på veg til Stortinget etter valet i 2017. I boka fortel Jensen at ho til tider har hatt dårleg samvit overfor livvaktene som må følgje henne på alt ho gjer. Foto: Audun Braastad / NTB
Livvakter passar på statsminister Erna Solberg (H) i samband med ein av koronapressekonferansane til regjeringa. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB