Klargjør siden...

Liz Cheney kjempar for sitt politiske liv

Liz Cheneys iherdige jakt på tidlegare president Donald Trump over storminga av Kongressen har gjort republikanaren svært upopulær i partiet og hos veljarane.

No står karrieren hennar i Representanthuset på spel når veljarane i heimstaten Wyoming skal seie sitt i det republikanske primærvalet tysdag.

Liz er dotter av tidlegare visepresident Dick Cheney. Ifølgje meiningsmålingane ligg ho an til eit braktap mot utfordraren, den Trump-støtta konspirasjonsteoretikaren Harriet Hagman.

– Dette er Donald Trumps arv

Cheney har likevel ikkje gitt opp og publiserte seinast førre veke ein valkampvideo.

– Løgna om at presidentvalet i 2020 vart stole tærer på dei som elskar landet sitt. Dette er Donald Trumps arv, men det kan ikkje vere framtida til nasjonen vår, sa ho i videoen.

Samtidig spekulerer Washington-ekspertar på at hennar forventa nederlag, kan markerer ei byrjing snarare enn ein slutt.

Cheney har ikkje avvist at ho kjem til å stille i presidentvalet i 2024, verken ved å ta opp Trump i kampen om den republikanske nominasjonen eller ved å stille som uavhengig kandidat.

– Eg har ikkje bestemt seg om det enno. Eg er veldig fokusert på attvalet mitt, sa ho i eit intervju med ABC News nyleg.

18 motkandidatar i Alaska

I Alaska lever ein annan republikansk Trump-motstandar også farleg med tanke på attval. Senator Lisa Murkowski stemde til liks med Cheney for å stille Trump for riksrett.

Ifølgje meiningsmålingane er det veldig jamt mellom Murakowski og dei 18 utfordrarane hennar, der den mest framståande er Kelly Tshibaka, som har stor støtte frå Trump.

(©NPK)

Frå å ha vorte rekna som ei av dei kommande stjernene blant dei konservative i USA, har Liz Cheney vorte ein paria etter at ho, som éin av berre ti republikanarar i Representantens hus, stemde for å stille Trump for riksrett for kongress-storminga i fjor. Foto: J. Scott Applewhite / AP / NTB

Annonse