Klargjør siden...

Liz Truss blir Storbritannias nye statsminister etter siger i det konservative leiarvalet

Utanriksminister Liz Truss har vunne det konservative leiarvalet i Storbritannia. Dermed etterfølgjer ho Boris Johnson som statsminister.

Det kunngjorde partiet måndag. Utanriksministeren overvinn dermed tidlegare finansminister Rishi Sunak.

Ho fekk 57 prosent av stemmene. Det er mindre enn venta.

– Det er ei ære å bli vald som leiar for Det konservative partiet, sa Truss då resultatet var klart.

I talen lova ho å gjennomføre skattelette og møte energikrisa med handlekraft.

– Eg vil levere på ein ambisiøs plan om å kutte skattar og få økonomien til å vekse. Eg vil handtere energikrisa, handtere energirekningane til folk, men også handtere dei langsiktige utfordringane om energiforsyning, sa Truss.

I talen takka ho motstandaren sin Sunak, men hadde også lovord til forgjengaren sin Boris Johnson. Ho omtalte leiarkampen som «det lengste jobbintervjuet i historia».

Truss har vore favoritt i valkampen heilt sidan siste valomgang byrja. Dei anslagsvis 180.000-200.000 medlemmene i Det konservative partiet kunne stemme på kven av Truss og Sunak dei ville ha som partileiar mellom 22. juli og 2. september.

Ho har mellom anna lova skattekutt og ei hardare linje mot EU.

Liz Truss vann uravstemminga om kven som skal leie Det konservative partiet. Dermed blir ho også Storbritannias nye statsminister etter Boris Johnson. Foto: Kirsty Wigglesworth / AP / NTB

Annonse