Liz Truss: Jeremy Hunt overtek som britisk finansminister

Tidlegare helse- og utanriksminister Jeremy Hunt blir ny finansminister i Storbritannia, opplyser statsminister Liz Truss.

Kwasi Kwarteng vart fredag avsett som finansminister, noko han stadfesta på Twitter.

Det oppstod stor uro i finansmarknadene etter at Truss og Kwarteng la fram eit kontroversielt budsjettforslag i slutten av september.

55 år gamle Hunt har tidlegare vore kulturminister, helse- og sosialminister og utanriksminister.

Hunt blir rekna som meir moderat enn Truss, og utnemninga blir sett på som ei utstrekt hand til dei delane av partiet som ikkje ønskte henne som statsminister.

Hunt var sjølv ein av kandidatane til posten som ny leiar for Det konservative partiet, men oppnådde ikkje nok støtte i partiet og stilte seg derfor bak Truss' motkandidat Rishi Sunak.

Hunt blir Storbritannias fjerde finansminister i år.

Jeremy Hunt er utnemnd til ny britisk finansminister, den fjerde i år. Foto: AP / NTB

55 år gamle Jeremy Hunt vert rekna som meir moderat enn statsminister Liz Truss. Foto: AP / NTB

Annonse