LO-leiinga vil at Noreg signerer FN-traktaten om atomvåpenforbod

LO-leiinga foreslår at Noreg skal signere FN-traktaten om forbod mot atomvåpen. Forslaget skal behandlast på LO-kongressen neste veke.

– Dersom ingen nokon gong er villig til å bryte isen og ta det første initiativet, vil vi aldri kunne få verda til å gå i rett retning, seier Fagforbundet-leiar Mette Nord til Aftenposten.

Forslaget frå LO-leiinga går ut på å «arbeide for at Norge jobber for et internasjonalt forbud mot atomvåpen og avskaffelse av biologiske og kjemiske våpen, og signerer og ratifiserer det internasjonale forbudet mot atomvåpen.»

Ingen Nato-land eller land med kjernefysiske våpen har ønskt å signere traktaten. Både Ap, Høgre, Frp, Sp, Venstre og KrF stemde imot avtalen då spørsmålet var oppe i Stortinget i 2019. Dei tre sistnemnde har sidan endra syn.

(©NPK)

LO-leiinga ønskjer at Noreg skal signere FNs traktat som forbyr atomvåpen. LO-kongressen skal ta stilling til forslaget 30. mai. Foto: Terje Pedersen / NTB

Annonse