Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
70 personar fekk helsehjelp under arrangement til Youtubar Logan Paul i Oslo, melder Avisa Oslo.
Publisert: 27.06.2023 kl 17:47
Sist oppdatert: 27.06.2023 kl 18:01
Ifølgje innsatsleiar fekk 70 personar helsehjelp, og fleire ungdommar svima av under arrangementet, skriv avisa.
– Fleire har svima av og får hjelp på staden, seier operasjonsleiar til AO.
Ifølgje operasjonsleiaren var det omkring 2000 ungdommar til stades på arrangementet.
YouTube-profilane Logan Paul og KSI lanserte tysdag ettermiddag sportsdrikken Prime Hydration på Aker bryggje i Oslo. Der møtte tusenvis av ungdommar opp, og fleire av dei skal ha svima av.
– Eg såg folk svime av, sa Paul til Dagbladet.
YouTube-stjernene skal ha bede dei oppmøte om å vere forsiktige og trekkje bakover frå scena, skriv VG.
Dei to YouTube-stjernene har til saman omtrent 50 millionar abonnentar på videoplattforma, og har den siste tida gjort stor suksess med sportsdrikken Prime.
I mai vart det kjent at Mattilsynet meinte at sal av Prime Hydration og Prime Energy bryt med norsk regelverk. Grunngivinga var at produkta inneheldt for høge nivå av enkelte stoff, og at dei ikkje var merkte korrekt.
Prime Hydration er no teke inn i varesortimentet av Norgesgruppen og Coop, melde TV 2 i starten av juni. Produsenten, amerikanske Congo Brands, har laga ein ny versjon som skal passe det norske lovverket.
70 personar fekk helsehjelp under arrangement til Youtubar Logan Paul i Oslo tysdag. Foto: Astrid Pedersen / NTB
YouTube-kjendisane Logan Paul og KSI er i Noreg for å lansere den kontroversielle energidrikken Prime. Lanseringa foregår som eit show på Aker brygge i Oslo tysdag ettermiddag.Foto: Astrid Pedersen / NTB
Fleire tusen møtte opp på Aker brygge då YouTube-kjendisane Logan Paul og KSI var i Noreg for å lansere ein energidrikk.Foto: Astrid Pedersen / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.