Lokalavis kritiserer Manchester United: Treng nye leiarar

Manchester United rauk ut av Meisterligaen tysdag og står no utan reell moglegheit for eit trofé denne sesongen. Lokalavisa etterlyser nye leiarar til laget.

Dei raude djevlane rauk ut tidleg i både ligacupen og FA-cupen og etter meisterliga-exiten mot Atlético Madrid, endar det med endå ein sesong utan ein tittel. Europaligatittelen frå 2017 er det hittil siste trofeet til klubben.

I Premier League er laget 20 poeng bak serieleiar Manchester City med ni kampar igjen. United har ikkje vunne heimleg serie sidan 2012/13-sesongen, den siste med den legendariske manageren til klubben, sir Alex Ferguson.

Etter at Ferguson la opp, har i tur og orden David Moyes, Louis van Gaal, José Mourinho, Ole Gunnar Solskjær og Ralf Rangnick slite med å få skikk på klubben.

Rangnick er venta å gå over i ei konsulentrolle til sommaren, med klubben på leiting etter ein permanent trenar.

PSGs Mauricio Pochettino og Ajax-trenar Erik ten Hag, som begge òg rauk ut i åttedelsfinalen i Meisterligaen, er dei heitaste kandidatane til å ta over trenarjobben i United.

Manchester Evening News kritiserer dei fremste spelarane til klubben og nemner spesifikt kapteinen på laget, Harry Maguire, og Bruno Fernandes.

– Harry Maguire må miste kapteinsbindet for sitt eige beste. I tillegg er det for mange hissigproppar i troppen. Bruno Fernandes er ein fantastisk spelar, men å halde hovudet kaldt er ikkje ein av styrkane hans, skriv lokalavisa.

(©NPK)

Manchester Uniteds mest prominente spelarar slit med å halde hovudet kaldt, meiner lokalavisa Manchester Evening News. Foto: Dave Thompson / AP / NTB

Annonse