Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): NHO-foreininga Abelia og EL og IT Forbundet har blitt samde om ein ny overeinskomst for IKT-bedriftene.
npk@npk.no
Publisert: 26.05.2016 kl 07:49
Hovudpunkta er null i generelt tillegg, men med nokre aukingar i minstelønnssatsane for operatørar, opplyser Abelia i ei pressemelding.
For funksjonærar, som utgjer dei fleste, baserer avtalen seg berre på lokale forhandlingar.
– For Abelias forhandlingsutval var det viktig å komme fram til ei løysing som tok omsyn til dei ulike behova i bedriftene, og som varetar arbeidstakarane på ein god måte i den kommande tariffperioden. Resultatet er godt balansert i forhold til dei utfordringane vi stod overfor, seier forhandlingsleiar Birgit Abrahamsen i Abelia.
Forhandlingane vart gjennomført tysdag og onsdag. (©NPK)