Annonse

Løyve gitt til å kremere døde med pacemakerar trass åtvaringar om smell

Ved Skien krematorium får dei no lov til å kremere døde utan å fjerne pacemakerar, sjølv om dette er knytt til eksplosjonsfare.

I utgangspunktet må pacemakerar og tilsvarande implantat fjernast frå døde før kremasjon, men Skien kyrkjelege fellesråd har no fått unntak for dette, melder Telemarksavisa.

Regjeringa har tidlegare påpeika at kremering utan desse operasjonane vil spare tid for helsepersonell og redusere køyringa av kister.

Derfor var Barne- og familiedepartementet positive då Skien kyrkjelege fellesråd søkte om unntak.

Krematorienettverket har på si side åtvara mot kremasjon med pacemakerar og implantat. Det har dei gjort både av omsyn til dei etterlatne og fordi dei fryktar at eksplosjonane kan gjere skade på utstyr.

– Det kan komme ganske høge smell frå kremasjonsomnen når batteriet i eit implantat eksploderer, sa styremedlem Jørgen Forøy til Vårt Land i 2022.

(©NPK)

Skien krematorium får no kremere døde med pacemakerar. Krematorienettverket har åtvara om høge smell viss til dømes batteriet i eit implantat eksploderer. Foto: Marit Hommedal / NTB