Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Luftfartstilsynet har bestemt at Super Puma-helikoptera skal setjast på bakken og fjernar unntaket for søk- og redningsoppdrag. Bakgrunnen er dei siste funna frå havarikommisjonen.
npk@npk.no
Publisert: 02.06.2016 kl 07:39
Helikopteret som styrta ved Turøy i april, var ein Super Puma med modellnamnet EC225LP. Kort tid etter ulykka vart denne helikoptertypen tatt ut av passasjertransport i Noreg og Storbritannia. Nokre dagar seinare vart flygeforbudet også utvida til å omfatte forgjengaren AS332L2.
Det har likevel vore lov til å bruke desse helikoptera til søk- og redningsoppdrag, men no strammar Luftfartstilsynet inn og fjernar dette unntaket. Bakgrunnen er førebelse funn frå Statens havarikommisjon for transport, som viser at eit trøyttleiksbrot i girboksen truleg er ein faktor som forårsaka ulykka ved Turøy.
– Det er viktig å påpeike at ulykka framleis er under etterforsking av SHT og at nokon endeleg årsak til ulykka enno ikkje er fastlagt, opplyser Luftfartstilsynet.
Parallelt med avgjerda frå Luftfartstilsynet bestemte helikopterselskapet CHC, som eigde helikopteret som styrta ved Turøy, å suspendere alle flygingar med modellen EC225.
– I lys av desse førebelse funna, bestemte CHC seg onsdag kveld for å inntil vidare suspendere alle flygingar med EC225, inkludert dei som i dag flyg søk- og redningsoppdrag (SAR). Dette skjedde omtrent samtidig med at Luftfartstilsynet fatta same vedtak, opplyser selskapet. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.