Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Luftforureininga i Bergen oversteig torsdag grensa som styresmaktene har sett. Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) har kalla inn til krisemøte.
npk@npk.no
Publisert: 21.01.2016 kl 19:02
Forureiningsforskrifta seier at timeverdien for NO2 kan overstiga grenseverdien på 200 mikrogram per kubikkmeter maksimalt 18 gonger i eit kalenderår. Torsdag formiddag var årskvoten brukt opp på tungt trafikkerte Danmarksplass i Bergen.
– Det vil seia at bergenslufta på Danmarksplass no er stempla som ulovleg helseskadeleg, seier overingeniør Arild Jensen ved helseverneininga i Bergen kommune til Bergensavisen.
Ved Hjortnes målestasjon i Oslo, like ved E18, blei grensa på 18 overskridingar passert allereie tidlegare i år.
Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen har no kalla inn byrådsrepresentantar frå både Oslo og Bergen til eit møte om saka 26. januar. Der skal dei diskutera kva tiltak som kan setjast inn mot den giftige bylufta.
– Kommunane har verktøy for å handtera slike akutte situasjonar med dårleg luftkvalitet, men eg registrerer at ein både i Oslo og Bergen er usikre på kva tiltak dei kan setja inn. Eg inviterer difor no til eit møte for å sjå på fullmaktene og moglegheitene til kommunane, seier Solvik-Olsen. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.