Lufthansa-selskap stoggar Sharm el-Sheikh-flygingar

(NPK-NTB-Reuters): Lufthansas flyselskap Eurowings og Edelweiss stoggar flygingane til Sharm el-Sheikh inntil vidare på grunn av situasjonen i Sinai.

Avgjerda vert omtalt som ein forholdsregel og kjem i lys av Storbritannias utsegner om at ekstremistgruppa IS' egyptiske fløy kan ha plassert ei bombe i det russiske flyet som styrta på Sinaihalvøya sist helg.

Storbritannia forbaud flygingar til og frå flyplassen i Sharm el-Sheikh i påvente av at tryggingstiltaka skal skjerpast.

Lufthansa seier torsdag ettermiddag at Edelweiss og Eurowings, lågprisavdelinga til det tyske konsernet, hadde planlagt å fly passasjerar til Sharm to gonger i veka. No skal flyselskapet samarbeide med det tyske utanriksdepartementet og reiseoperatørar for å hente passasjerar heim frå Sharm el-Sheikh. (©NPK)