Klargjør siden...

Lufthansa-streik startar fredag

(NPK-NTB-AFP): Det tyske flyselskapet Lufthansas kabintilsette går fredag ut i streik etter at samtaler med arbeidsgivaren har brote saman.

Dei kabintilsette, som er organiserte i fagforeininga UFO, opplyser i ei fråsegn at «streik er uunngåeleg».

– Med omsyn til passasjerane og deira moglegheit for å planleggje reisene sine, vil vi ikkje starte streiken før klokka 12 fredag, heiter det i UFO-fråsegna.

UFO-leiar Nicoley Baublies seier leiinga ikkje har klart å leggje noko betre tilbod på bordet innan fristen gjekk ut torsdag, enn det som dei kabintilsette frå før har sagt nei til.

Dei kabintilsette ønskjer betre vilkår knytt til lønn og pensjonar.

Detaljane rundt streiken blir presentert i morgontimane fredag, men det er venta at streiken vil vare i éi veke. (©NPK)

Annonse