Klargjør siden...

Lula: Eg har ingenting å frykte

(NPK-NTB-Reuters): Brasils ekspresident Luiz Inacio Lula de Silva kallar etterforskinga mot han for eit mediesirkus. – Eg har ingenting å frykte, slår han fast.

Politiet henta Lula inn til avhøyr fredag i samband med ein omfattande korrupsjonssak. Først tre timar seinare fekk han forlate politihuset i São Paulo. I mellomtida hadde politiet ransaka bustadene hans og bustadene til fleire av familiemedlemmene hans.

– Eg kjente meg som ein fange i dag. Eg fortente litt meir respekt enn som så, sa Lula til tilhengarane sine i det brasilianske Arbeidarpartiet fredag ettermiddag.

Politiet meiner Lula har hatt fordel av mutingar frå Petrobras. Pengar skal også ha gått til Arbeidarpartiet, partiet Lula og sitjande president Dilma Rousseff høyrer til, der dei har gått til å dekkje valkampkostnader og andre utgifter.

Lula har tidlegare forklart seg frivillig for politiet i samband med det som blir omtalt som den største korrupsjonssaka i verda.

Til saman skal ein sum tilsvarande over 14 milliardar kroner ha vorte betalt i mutingar til politikarar og korrupte Petrobras-direktørar. (©NPK)

Annonse