Klargjør siden...
Annonse

Lundby med kjempehopp i Kollen under trening

(NPK-NTB): Maren Lundby hoppa 140 meter under trening i Holmenkollbakken onsdag kveld. Dermed hoppa ho lengst av alle. Optimismen rår i norsk kvinnehopp.

– Det var eit godt hopp. Vi fekk dei svara vi trengde, så derfor valde ho å stå over den siste treningsomgangen, sa landslagstrenar Christan Meyer til NTB.

– Vi veit at ho kan nå høgt opp, men vi tar ingenting for gitt, sa Meyer.

Den offisielle bakkerekorden i Holmenkollen er det Andreas Kofler som har. Den er på 141 meter.

Maren Lundby fann seg sjølv i rennet i Oberstdorf søndag. Ho har fått tilbake sjølvtilliten, og det hjelper bra på. Ho vart nummer tre søndag bak Sara Takanashi og Daniela Iraschko-Stolz.

Takanashi var lengst i den første treningsomgangen med 137 meter. Der hadde Lundby 117,5 meter. Den suverene verdscupleiaren prøvde seg med mykje lågare fart i den andre treningsomgangen, men landa da på 106,5 meter.

I den tredje treningsomgangen var det russaren Jirina Avvakumova som var lengst med 131 meter.

Line Jahr hadde 110,5, 109,5 og 115 meter i dei tre sveva sine. Anna Odine Strøm hadde 109,5, 95,5 og 95 meter, mens Silje Opseth hadde 113 og 100,5 i dei to forsøka sine. (©NPK)

Annonse