Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Veteranmålvaktene Katrine Lunde (43) og Silje Solberg-Østhassel (33) deltek på VM-samlinga til handballjentene denne veka. Dei kan begge rekke meisterskapen.
Publisert: 22.11.2023 kl 13:21
Sist oppdatert: 22.11.2023 kl 14:20
Lunde pådrog seg ein muskelskade i låret i oktober. Solberg-Østhassel vart mamma i august. Ho var med i kamptropp for Győr for første gong denne sesongen førre veke, utan å komme på banen.
– Begge er i fin utvikling og trenar godt. Eg veit samtidig ikkje kvar vi endar med tanke på VM. Det er lite sannsynleg at dei speler denne veka, men eg tek eit lite atterhald rundt det, sa landslagssjef Thorir Hergeirsson på ein pressekonferanse onsdag.
Han uttalte seg positivt om sisteskansane.
– Katrine får gjort mykje i trening, men det står att noko. For Silje har det gått betre dei siste vekene. Det er positivt, sa islendingen.
Verken Lunde eller Solberg-Østhassel stilte på pressetreffet i Hamar onsdag.
I EM 2020 var ingen av dei med i EM-troppen frå start av meisterskapen, men vart henta inn undervegs på veg mot norskgull.
Grønland er første VM-motstandar for det norske laget. Kampen blir spelt i Stavanger onsdag neste veke. Dermed byrjar det å haste for målvaktene.
Samtidig kan den norske landslagsleiinga gjere endringar i troppen undervegs i meisterskapen. Det opnar for at både Lunde og Solberg-Østhassel kan hentast inn.
Marie Davidsen (CSM Bucureşti), Olivia Lykke Nygaard (Storhamar) og Eli Marie Raasok (Storhamar) er teken ut i VM-troppen saman med Lunde, men berre tre målvakter får plass i den endelege troppen.
Solberg-Østhassel er ikkje teke ut, men er openbert likevel eit alternativ.
Landslagssjef Hergeirsson opplyste onsdag at Marie Davidsen og Olivia Lykke Nygaard vil få mesteparten av speletida i den kommande firenasjonersturneringen.
Rett i forkant av at skaden hende, var Katrine Lunde tilbake igjen mellom stengene etter å ha vore ute nokre veker med «helseutfordringer».
– Det er ein litt uvanleg muskelskade. Ho er ikkje ute resten av året, men det vil gå litt tid før alt er på stell, sa Vipers' medisinsk ansvarlege, Erik Welhaven Løchen, til Fædrelandsvennen for ein månad sidan.
Håndball-VM går frå 29. november til 17. desember i Noreg, Sverige og Danmark.
Denne veka møter Noreg Angola (torsdag, Hamar), Island (laurdag, Lillehammer) og Polen (søndag, Lillehammer).
(©NPK)
Vipers-målvakt Katrine Lunde ble skadd i oktober. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
Norges målvakt Silje Solberg-Østhassel kan bli VM-klar. Foto: Beate Oma Dahle / NTB