Annonse

Lundekvam sparka som trenar i Bønes IL

(NPK-NTB): Claus Lundekvam har rykt opp to av tre år med Bønes' seniorlag. Likevel har han fått sparken som trenar for 4.-divisjonslaget på grunn av ei personalsak, skriv Bymagasinet.

– Sportsleg sett har alt fungert fint, seier styreleiar Christian Kanzler.

Han fortel vidare at det er ei personalsak, og at han ikkje ønsker å kommentere saka ytterlegare overfor avisa.

– Eg har ikkje fått noka grunngiving, seier Lundekvam til (©NPK) Bergensavisen.