Annonse
Annonse
Annonse

Lungekreftmedisin får nei

(NPK-NTB): Eit immunterapeutisk legemiddel som kan forlenge livet til lungekreftpasientar, blir ikkje innført sjølv om Helsedirektoratet opphavleg ønskte det.

Annonse

– Ei svært vanskeleg sak, for vi ønskjer å ta i bruk dette legemiddelet, seier leiar Lars Vorland i det såkalla Beslutningsforum for nye metodar.

Samanlikna med dagens cellegiftbehandling kan legemiddelet nivolumab forlenge livet til svært sjuke pasientar med i snitt seks til ni månader, viser analysar frå Statens legemiddelverk basert på studiar utført av produsenten av legemiddelet.

Avgjerda om ikkje å innføre legemiddelet til andrelinjebehandling av avansert ikkje-småcella lungekreft av typen plateepitelkarsinom vart tatt måndag formiddag.

– Konsekvensane av å seie ja blir for store, fordi det vil gå på kostnad av andre pasientgrupper. Det kostar eit tresifra millionbeløp berre for dette legemiddelet, og det er pengar vi må bruke på andre pasientar. No håpar vi å få ned prisen ved å gå ut på anbod. Det er fleire kreftlegemiddel som kjem på marknaden framover, seier Vorland. (©NPK)