Lyon vil ha Yttergård Jensen på A-laget

(NPK-NTB): Ulrik Yttergård Jenssen (19) vert tilbydd proffkontrakt med den franske storklubben Lyon, skriv iTromsø.

Jenssen har vore på akademiet til klubben og spelt på B-laget sidan 2013, og kontrakten til den tidlegare Tromsø-spelaren går ut til sommaren.

Etter det avisa erfarer har agenten Kent Karlsen vore i Lyon for å ha samtalar med klubbleiinga om framtida til den lovande midtstopparen.

Ein ny avtale vil truleg strekke seg over tre år.

– Dette fortel at han har gjort sine saker veldig bra, seier faren og rådgivar Truls Jenssen til avisa.

Også broren Ruben Yttergård Jenssen tener til livets opphald via fotballen. Han er proff i tyske Kaiserslautern i tysk 2. Bundesliga. (©NPK)