Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Martin Ødegaard rykkjer stadig nærare eit utlån frå Real Madrid til Borussia Mönchengladbach. Det skriv dansk TV 3.
npk@npk.no
Publisert: 21.09.2016 kl 13:57
Tysk Bundesliga kan bli neste stopp for han om få månader. – Vi var innstilte på å hente han òg før Real Madrid og andre storklubbar fatta interesse for han og skrudde prisen opp slik at vi ikkje kunne hengje med, seier sportsdirektør Max Eberl til TV 3.
– Den gongen klarte vi ikkje å overtyde han og faren om at det ville vere best for han å starte karrieren her. Her kunne talentet hans blitt pleia og utvikla og gjeve større sjansar for speletid på høgste nivå.
No skal Martins far sjå annleis på den saka. Eberle kallar dialogen med Real for «positiv».
Ødegaard har eitt kort innhopp for Reals A-lag og speler jamleg på andrelaget.
Alt tyder på at Real Madrid låner han ut ved nyttår, kort etter at han fyller 18 år.
Ein avtale med franske Rennes såg ut til å bli noko av tidleg i haust, men det rant ut i ingenting. (©NPK)