Klargjør siden...
Annonse

Magnus Carlsen-film seld til 38 land

(NPK-NTB): Dokumentaren om sjakkverdsmeister Magnus Carlsen er seld til 38 land og skal setjast opp på kinoar i ti forskjellige byar i USA.

Det danske salsselskapet TrustNordisk, som distribuerer dokumentaren, fortel om salet til Dagens Næringsliv.

– Det er kjempegøy, og det verkar som filmen treffer noko i tida, seier regissør Benjamin Ree. Han jobbar til dagleg i VGTV, som har vore med å produsere filmen.

Filmen hadde premiere på Tribeca-festivalen i New York i april, som den første norske kinodokumentaren nokosinne.

– No er «Magnus» seld til land på tre forskjellige kontinent, noko som er heilt utruleg. Det viser at historia om «annleisguten», som blir den beste sjakkspelaren gjennom tidene, er noko som fenger på tvers av både kultur og språk, seier produsent Sigurd Mikal Karoliussen i Moskus Film. (©NPK)

Annonse