Magnus Takvam byrjar i Altinget

Både den mangeårige NRK-kommentatoren Magnus Takvam og politikkveteran i Aftenposten Solveig Ruud sluttar seg til den nye nettavisa Altinget til hausten.

Det skriv nettavisa sjølv i ei pressemelding.

– Dette er knallsigneringar! Å få med seg Magnus Takvam og Solveig Ruud når vi no skal byggje opp eit heilt nytt politisk mediehus i Noreg, er absolutt den beste starten Altinget kunne få, seier sjefredaktør Veslemøy Østrem.

Altinget, som allereie er godt etablert i Sverige og særleg i Danmark, skal etablere seg i Noreg hausten 2022.

Nesten 40 år i NRK

Takvam vart kalla «den viktigaste kommentatoren gjennom tidene» då han hadde den siste arbeidsdagen i NRK torsdag. Han har jobba i statskanalen sidan 1983, men måtte slutte då han fylte 70.

– Tanken er å bidra med ein analyse i veka som fangar opp det som skjer i politikken. Etter å ha vore tilsett i 40 år i NRK, vil det bli fint å ha ei fri rolle der eg kan setje premissane for kva eg ønskjer å gå inn i. Opplegget ser både ambisiøst og spennande ut, seier Magnus Takvam.

Skal jobbe med helse- og sosialpolitikk

Solveig Ruud sluttar i Aftenposten om få dagar. Ho har vore ein av dei sentrale politiske journalistane til avisa i mange år, særleg innan helse- og sosialområdet. Ho har også hatt ansvaret for valomaten til Aftenposten sidan 2009. I Altinget er planen at ho skal skrive vekevise analysar og bidra med nyheitsstoff på helse- og sosialområdet.

– Dette blir spennande, sidan det er noko heilt nytt. Eg gler meg til å kunne fordjupe meg endå meir og ha hovudfokus på sak, ikkje personstrid. Dette er eit spennande felt. Ei stadig aldrande befolkning og aukande forventningar til kva velferdsstaten skal løyse for både gammal og ung, vil medføre vanskelege val for politikarane, seier Ruud.

(©NPK)

Magnus Takvam og Solveig Ruud blir fast tilknytte Altinget når avisa startar opp til hausten. Foto: Anne Elisabeth Næss, Altinget / NTB

Annonse