Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Verdscupkomiteen for langrenn i Det internasjonale skiforbundet (FIS) vedtok onsdag nye nasjonskvotar. Det inneber at Noreg maksimalt kan stille med 15 løparar i norske verdscuprenn.
npk@npk.no
Publisert: 08.06.2016 kl 18:16
Norsk dominans har blitt ein trussel mot langrennssporten internasjonalt. Onsdag kveld vedtok verdscupkomiteen det dei meiner skal vere dei nye reglane.
Før kvotane blir gjeldande, skal dei også behandlast i hovudkomiteen for langrenn.
Verdscupkomiteen vedtok ein grunnkvote på seks løparar for dei beste nasjonane. Kvotane blir truleg som dette, ifølgje NRK: Friplass for regjerande verdscupvinnar i første periode (før jul), i tillegg til for verdscupleiar i dei andre periodane. I tillegg friplass for regjerande kontinentalcupvinnarar (før jul) og for kontinentalcupleiarar etter jul. I renn i eige land vert det framleis ein nasjonal kvote, men ingen nasjon kan stille med meir enn 15 løparar (10 i Tour de Ski)
Regjerande verdscupvinnar har ikkje lenger friplass gjennom heile sesongen. Det betyr også at talet på løparar som kan skaffe seg friplass i verdscupen via kontinentalcupane (for norske løparar: skandinavisk cup) vert redusert frå tre til éin.
Noreg kan aldri stille med meir enn åtte løparar i konkurransar utanfor Noreg. Førre sesong stilte Noreg fleire gonger med eit tosifra tal på løparar.
– Eg er veldig fornøgd. Det var nokre forslag på bordet i forkant som kunne kutta mykje meir for oss, seier Åge Skinstad til NRK. Den tidlegare norske langrennssjefen er representant i verdscupkomiteen.
– I fjor hadde vi ti-elleve løparar i verdscupen, og 22 i verdscup på heimebane. Det blir vanskelegare å komme med i verdscupen no, så vi må sjå nærmare på cupane under, så også dei får god status, meiner Skinstad, som føler seg sikker på at også langrennskomiteen vedtar forslaget.
Til vinteren blir det heller ikkje mogleg å stille med meir enn to stafettlag per nasjon, og berre førstelaget skal telje i nasjonscupen. Sist vinter tok Noreg dei tre første plassane i herrestafetten på Lillehammer. Noregs fjerdelag vart nummer ni.
Det vart diskutert å kutte ned til eitt lag per nasjon, men dette vart ikkje vedtatt. Også i lagsprint kan kvar nasjon stille med to lag. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.