Måling: Folket støttar Høgmo

(NPK-NTB): Berre 2 av 10 meiner Per-Mathias Høgmo bør gå av som landslagssjef. Det viser ei meiningsmåling utført av InFact for VG.

Høgmo har fått tøff kritikk frå fleire hald etter playoff-fiaskoen mot Ungarn. I det norske folk har 55-åringen likevel støtte.

Undersøkinga viser at 2 av 10 vil fjerne Høgmo frå sjefsstolen. Dobbelt så mange ønskjer å behalde han, mens like mange svarar «veit ikkje».

Drygt fire prosent av dei 1009 spurde meiner Høgmo har gjort ein «svært god jobb», mens over åtte prosent meiner det stikk motsette. 40,6 prosent svarar veit ikkje. Dei andre fordeler seg relativt jamt frå karakterane 2 til 4.

Målinga opererer med ein feilmargin på +/- 3,0 prosent.

Noreg tapte 1– 3 på to kampar mot Ungarn. Dermed blir det ingen EM-tur til Frankrike neste år for det norske landslaget. Høgmo har kontrakt i to år til. (©NPK)

Annonse