Annonse

Manchester City tek mensen-grep for kvinnelaget

Manchester City går bort frå dei tradisjonelle kvite shortsane som ein del av heimedrakta til kvinnelaget for å forhindre synlege blødingar.

Klubben stadfestar avgjerda i ei pressemelding.

– Det kan vere ukomfortabelt å spele med kvit shorts, spesielt når det blir bløytt på grunn av fargen og det tynne, tekniske stoffet, seier City- og Noreg-spelar Julie Blakstad til TV 2.

Det var først Sky Sports som melde at Manchester City byter farge på shortsen. Klubben skal no bruke burgunderfarga shorts, som opphavleg tilhøyrer bortedrakta. Saman med Puma vil klubben finne ein alternativ farge på shortsen frå og med neste sesong.

– Viss ein blør gjennom blir det tydeleg, og når kampane blir sende på TV, kan det til dømes sjåast på skjermen, seier Blakstad, som er fornøgd med endringa.

– Det viser at ein blir høyrd og at ein tek det like seriøst som om det hadde vore herrane som hadde hatt eit problem, seier ho.

West Brom, Stoke og Livingstone har også skifta farge på shortsen av same grunn, skriv Sky Sports.

(©NPK)

Julie Blakstads Manchester City byter farge på shortsen for å hindre synlege blødingar. Foto: Beate Oma Dahle / NTB