Mange 16-åringar får stemme i folkeavstemmingar

(NPK-NTB): Rundt 50 kommunar har til no bestemt seg for å la 16- og 17-åringar stemme i folkeavstemmingar om kommunesamanslåing.

Og det kan bli endå fleire.

– Stadig fleire kommunar arrangerer folkeavstemmingar våren 2016, og trenden er heilt klart at 16- og 17-åringane blir innlemma, seier barneombod Anne Lindboe.

Saman med blant andre Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) fekk Barneombudet gjennomslag for å halde forsøk med stemmerett for 16-åringar ved vala i 2011 og i 2015.

– Å gi 16-åringar stemmerett ved folkeavstemmingar er å gi dei eigarskap til framtida si. 16- og 17-åringar er modne nok, og med god informasjon og refleksjon kan dei ta politiske val på lik linje som vaksne, seier Lindboe

Også internasjonalt er det blitt meir vanleg å senke stemmeretten til 16 år ved folkeavstemmingar. I Skottland fekk 16-åringar stemme om lausriving i 2014, mens det er stort press for å senke stemmerettsalderen ved folkeavstemminga om EU i Storbritannia i 2016, opplyser barneombodet. (©NPK)