Mange døde i leilegheitsbrann i Paris

(NPK-NTB-AFP): Minst fem menneske har omkomme i ein kraftig brann i ei leilegheit i Paris-forstaden Saint-Denis. Fleire andre vart skadde då dei hoppa ut av vindauge i bygninga for å redde livet.

Brannen braut ut seint måndag kveld, og ni personar vart frakta til sjukehus med skadar. Tilstanden er alvorleg for to personar som måtte hoppe ut av vindauga i dei øvste etasjane av bygninga for å berge livet.

Brannmannskap og politi har funnet leivningane av minst fem personar i brannruinane. Årsaka til brannen er ikkje kjent. (©NPK)

Annonse