Klargjør siden...

Mange drepne i luftangrep i Hama i Syria

(NPK-NTB-DPA): Minst 17 menneske er drepne i fleire luftangrep på landsbygda i den syriske provinsen Hama, der opprørarane er på frammarsj, ifølgje eksilgruppa SOHR.

Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) opplyser at minst 20 luftangrep blei utført torsdag langs ein veg som knyter landsbyen Latamina i Hama til den sørlege delen av provinsen Idlib i nord.

Eit titals menneske blei såra. Angrepa skjer etter at syriske opprørarar, deriblant fleire ytterleggåande islamistfraksjonar, har erobra ei rad regimekontrollerte landsbyar og militærpostar i området dei siste dagane. Opprørarane står no berre elleve kilometer frå byen Hama, hovudstaden i provinsen med same namn, ifølgje SOHR.

Gruppa Jund al-Aqsa, som består av både syriske og utanlandske jihadistar, er den viktigaste styrken i offensiven, men også såkalla moderate væpna grupper deltek. Angrepa i området blei utført av både syriske og russiske kampfly, opplyser SOHR, som får informasjonen frå eit breitt kjeldenettverk i Syria. (©NPK)

Annonse