Annonse

Mange dyr døydde i fjøsbrann på Byrkjelo

Mange dyr har mista livet i ein brann på Byrkjelo i Vestland fylke. Politiet opplyser at minst 49 dyr har komme seg ut av fjøset.

Til saman har det vore rundt 200 kyr, oksar og kalvar i fjøset. Vest politidistrikt melde først om brannen på Twitter ved 20.30-tida fredag kveld.

Omtrent 49 dyr har komme seg ut av fjøset, men politiet presiserer at dette er eit førebels tal.

– Veterinær er på staden og har tilsyn med dyra. Nokre er også avliva, skriv politiet.

E39 ved Gåsemyr var ein periode stengt på grunn av mykje røyk og utrykkingskøyretøy i vegen, men er no opna igjen.

(©NPK)

Mange dyr har mista livet i ein brann på Byrkjelo i Vestland fylke. Til saman har det vore rundt 200 kyr, oksar og kalver i fjøsen. Foto: Wilhelmine Ravnestad Sanne-Gundersen / NTB

Annonse