Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Opptil 20 prosent av gutane dett av skuleløpet allereie frå starten som seksåringar. Målt mot jentene er gutane svakare både fagleg og sosialt, viser ei ny undersøking.
npk@npk.no
Publisert: 22.08.2016 kl 20:29
Undersøkinga som Høgskolen i Hedmark har gjennomført i Kristiansand kommune i 2013 og 2015, viser ein tydeleg forskjell på jenter og gutar i skulen, melder NRK. Mange av gutane blir hengande etter – så mange som éin av fem mange stader.
Funna viser at det er spesielt i faga norsk og engelsk gutane er dårlegare. Nordahl meiner funna frå Kristiansand er representative for heile landet.
– Eg trur vi kan trekke den slutninga at denne kommunen er så stor at resultata viser korleis gutar og jenter har det i norsk skule. Vi har også funne noko av det same i tidlegare undersøkingar der andre kommunar i Noreg har vore med, seier han.
– Det eine er at vi ikkje kan gi slepp på nokon barn før dei har lært dei heilt grunnleggjande tinga som å lese, skrive og rekne, seier han og lovar at det i ei ny endring av læreplanen vil bli gitt nytt rom for elevar til å gå i djupna på faga.
Han viser til at trenden med at gutar sakkar akterut samanlikna med jentene er internasjonal, og at ein ikkje heilt veit kvifor. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.