Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Rundt 40 prosent av kvinner som ønskjer abort, oppgir å ha brukt prevensjon. Forskarar meiner fleire bør bruke sikrare prevensjonsmiddel enn kondom og p-piller.
npk@npk.no
Publisert: 21.12.2015 kl 09:04
Dei fleste som hadde brukt prevensjon, oppgav å ha brukt p-piller eller kondom, ifølgje forskarar ved Akershus universitetssjukehus' kvinneklinikk.
– Enkelte studiar har vist at 9 av 100 brukarar blir gravide med p-piller per år. Feil bruk betyr ikkje alltid slurv. Det skal lite til av avvik i bruken før det går gale, seier Ellen Marie Strøm-Roum, som leidde studien, til Forskning.no.
Professor Britt-Ingjerd Nesheim seier til nettavisa at fleire kvinner bør gå over frå å bruke p-piller til såkalla langtidsverkande reversible prevensjonar, som koparspiral, hormonspiral og p-stav. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.