Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Fleire tital personar er skadde og hundrevis evakuerte under eit slagsmål i det største mottaket for flyktningar og migrantar på den greske øya Lesvos.
npk@npk.no
Publisert: 02.06.2016 kl 13:42
Nesten 30 telt vart påtende under uroa, og tre personar er såpass hardt skadde at dei er innlagt på sjukehus. To av dei har hovudskadar.
Mange av dei evakuerte er familiar med barn. Masseslagsmålet involverte personar frå Pakistan og Afghanistan, opplyser ei lokal politikjelde. To av dei skadde er frå Pakistan, mens den tredje er afghanar, opplyser ein AFP-journalist på staden.
Greske styresmakter har førebels ikkje villa kommentere saka.
Før slåstkampen var nesten 3.000 menneske innkvarterte i leiren, dei fleste av dei er asylsøkjarar som håpar på å unngå å bli deporterte tilbake til Tyrkia som følgje av avtalen som EU har inngått med tyrkiske styresmakter. Nesten tusen av dei oppheld seg no på marker i nærleiken, eller dei er blitt innkvarterte i andre leirar.
Ifølgje Lesvos' ordførar Spyros Galinos får migrantar og flyktningar det stadig verre etter kvart som tida går. Mange har no sete innesperra i fleire månadar i påvente av kva som skal skje med dei. Mest av alt fryktar mange å bli sende tilbake til heimlanda som dei har brukt ein liten formue for å kome bort frå.
– Denne situasjonen er psykologisk og fysisk utmattande, den gir næring til desperasjon, seier Galinos. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.