Mange utlendingar med falsk identitet

(NPK-NTB): Nasjonalt ID-senter fryktar at inntil 27.000 utlendingar som er eller har vore i Noreg, har budd her med falsk identitet.

Nasjonalt ID-senter har i eit nytt pilotprosjekt brukt ansiktsattkjenningsteknologi til å skanne personar i Utlendingsdatabasen, der alle som søkjer visum til Noreg blir registrerte. I 106 tilfelle viste bildesøket at éin identitet var nytta av fleire ulike personar, eller at éin person hadde budd i Noreg under ikkje berre éin, men fleire identitetar, melder NRK.

– Overført på heile databasen, kan det bety at så mange som 27.000 personar som har vore eller er i Noreg er registrert med fleire eller feil identitet, seier Frøy Løvåsdal, prosjektleiar og seniorrådgjevar i Nasjonalt ID-senter.

– Ein person kan vere kriminell på éin identitet, få studielån på den andre og trygd på den tredje. Det er viktig at vi veit kven det er som oppheld seg i Noreg, seier Løvåsdal.

Utlendingsdirektoratet (UDI) har ein eigen database med nesten tre millionar bilde av utlendingar som har søkt om visum eller ei form for opphaldsløyve.

– Vi har brukt eit utval på drygt 16.000 bilde frå utlendingsdatabasen som vi har testa opp mot kvarandre. Avvika vi fann svarar til 1,8 prosent av sakene, seier prosjektleiar Frøy Løvåsdal til Nettavisen.

– Vi trur det hovudsakleg dreier seg om feilregistreringar, men det kan også vere nokre moglege «importere» – altså tilfelle der ein person gir seg ut for å vere ein annan, seier Løvåsdal.

Seksjonssjef Magne Fladby i Nav opplyser at dei greier ut 90 saker der dei har mistanke om at personen har oppgitt feil identitet til styresmaktene.

I fjor politimelde direktoratet 18 personar som hadde svindla til seg til saman seks millionar kroner. To av dei hadde svindla til seg éin million kroner kvar. (©NPK)

Annonse