Mann arrestert etter forsøk på å køyre ned fotgjengarar i Washington
Ein mann er arrestert etter å ha prøvd å køyre ned fleire vakter ved kongressbygningen i Washington DC, fortel amerikanske medium.
Det vert også meldt om at politiet har fyrt av skot, men ingen skal ha blitt skadde.
- På eit tidspunkt fyrte politiet ved Capitol av skot, men ingen vart skadd, skriv politiet i ei fråsegn.
Den arresterte mannen skal først ha køyrt inn i ein politibil, deretter prøvde han å køyre over fleire politibetjentar som var til fots.
(©NPK)